Byvekstavtalen - eit misvisande dekret

Petter H. Fosse karakteriserer byvekstavtalen som «eit misvisande dekret».

Petter H. Fosse karakteriserer byvekstavtalen som «eit misvisande dekret».

Av

Avgjerande med meir openheit om kva dette inneber!

DEL

MeiningarMykje har vore skrive og sagt om dette - eg vil kalle det dekretet - som våre kjære politikarar i Alver Kommune skal stemma over 20. februar. Svært lite positivt er komme fram, og det må nok skuldast navnet på avtalen, og manglande og truverdig informasjon om kva den verkeleg inneber.

Å komme med ein «Byvekstavtale» som skal tredast nedover Bergen sine nabokommunar, er den dummaste marknadsføringa eg har sett på lenge. Så vidt eg veit er ikkje Bergen slått saman med nokon av dei omegnkommunane som dette dekretet er tenkt skal omfatte.

Bjørnefjorden, Øygarden, Askøy og Alver er sjølvstendige kommunar - men i kor stor grad er dei det etter at dei eventuelt har godteke dette? Å la Fylkesmannen komme til Alver Kommune og «marknadsføre» dekretet på sin sleivete og arrogante måte, gjer jo ikkje saka betre - snarare tvert i mot.

Inne i dette ligg ikkje så lite overføringar frå Staten over ein tiårsperiode fram til 2029. Eitt av krava er nullvekst i bilbruk innan den enkelte kommune. Det er dette som får oss til å ottast at all bygging av bustader og næringslokaler vert begrensa til område rundt Knarvik-Alversund og Frekhaug-Mjåtveit. Og her er det politikarane må vere på vakt!

Fakta

Dekret er et uttrykk som brukes innen statsrett om situasjoner der et statlig organ eller domstolsmyndighet utsteder en ordre som går ut over de forfatningsmessige beføyelser ved ikke å være en dom eller kjennelse.

Kjelde: Wikipedia

Sjølv om Fylkesmannen har sagt at arealhandteringa vert styrt likeeins frå hans side med eller utan denne avtalen - må det rett og slett «fleirdobbelsjekkast» - i god tid før den 20. februar!

Før valet i fjor, var det frå dei fleste parti sagt klårt i frå at «heile» Alver skal takast i bruk. Skal truverdet behaldast sånn nokonlunde, må politikarane sjekke nøye denne delen av dekretutkastet før dei kjem til avstemmingsdagen. Finn ut om det er noko bra med forslaget, utanom pengane.

Får ein eit forbetra kollektivtilbod mellom Knarvik/Flatøy og Bergen, og hyppigare «materuter» frå og til distrikta - gjerne kombinert med bestellingsruter - vil jo biltrafikken kunne haldast i sjakk. Men bruken av privatbilar i distrikta og mellom distrikta vil måtte vere der, og vil ikkje øydeleggje den totale nullveksten om det vert tillete spreidde bustadfelt utanom dei nemnde sentrale strøk. Dette er viktig!

Båtruter mellom Bergen og Nordhordland må også kunne utvidast - all den tid det no er mogeleg å byggje hybride hurtigbåtar - det er vilje til det i fylka både sørom og nordom Vestland! Dersom vi ikkje, er det heile lite truverdig. I motsetning til etter landevegstransporten, er det ikkje svevestøv frå båten.

Eg er for sjølvstende i Alver Kommune, og dermed veldig skeptisk til heile pakka, inntil vi får meir fakta på bordet - Positive fakta!

Alversund, 5. februar 2020

Petter H. Fosse

Artikkeltags