Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eg har vore leiar i kampen mot vindmøller i Gulen då det var aktuelt med vindkraft her. Vi greidde å stoppe Fred. Olsen sitt 450-millionars prosjekt på Setenesfjellet, Det ville ha vorte svært synleg i heile kystområdet i Gulen. Som kanskje kjent, er Gulen ein av dei største hyttekomunane i Sogn og Fjordane. Derimot greidde vi ikkje å stoppe dei planlagde vindmøllene på Brosviksåta og fjella rundt Eivindvik. Dette gjekk til og med kommunestyret inn for leia av Senterpartiet. Derimot gjekk kommunestyret imot vindmøller på Dalsbotnfjellet.
No viste det seg televerket fekk stoppa vindmøllene på Brosviksåta på grunn at det ville forstyrre Gulensendaren som er på Brosviksåta. Derimot vart utbygginga av vindmøller på Dalsbotnfjellet godkjent av NVE.
Mitt inntrykk ifrå kampen mot vindmøller er at dei som trur dei ikkje vil bli berørt av vindmøller er nokså likegyldige til kampen mot vindmøllene. Såleis ken eg nemne at så lengje det berre var aktuelt med vindmøller Gulen, var lokalavisene i Nordhordland for vindmøllene. Såleis er det fint at dei har snudd no, men det er kanskje litt seint.

NVE vil skjerme Stølsheimen for vindkraftutbygging, opnar for utbygging i Gulen, Lindås, Masfjorden og Høyanger
Eg ser, at i fylgje Strilen er det framleis aktuelt for BKK å byggje vindmøller i Masfjorden på fjella rundt Matre, sjølv om Statkraft har gitt beskjed om at dei ikkje vil byggje meir vindmøller på land i Noreg. Då har eg fylgjande råd til Bergensfirmaet BKK, Bygg heller vindmøller ifrå Nordnes til Fana. Det bles vel litt i Bergen også når det er dårleg ver. Når det er fint å stille ver, kan dei bruke vindmøllene til å blåse bort smoggen som legg seg over Bergen sentrum. Då kan ein på ein måte få bode i pose og sekk. Men på den andre sida kan det kanskje vere eit problem kor ein skal blåse smoggen hen. Trur neppe at verken Os eller Arna er interessert å få denne forureina lufta oversendt ifrå byen. Kanskje BKK må setje opp vindmøllene sine heilt til Os eller Arna eller begge deler. Får berre ynskje lykke til.

Rasar mot NVE-planar: – Dette området er det siste uberørte i Masfjorden