Bygdelaget 5915 slo til med allsong på Hjelmås-kaien

Bygdelaget 5915 har som mål å skapa «kortreist glede her me bur», og det klarte dei til gangs på Hjelmås-kaien laurdag. Dei 150 frammøtte fekk ei fin oppleving då bygdelaget og Hjelmås handelslag L/L inviterte til allsong på kaien.

DEL

Trioen Otto Aksnes, May Eva Sandvik og Håkon Sandvik sytte for svingande tonefølgje til allsongane. Saman utgjorde desse tre «AKSA & May Eva» - det kortreiste bandet som spreidde glede lokalt og som i mange tiår spelte til dans på hotell og i forsamlingshus.

Kvelden var vakker og varm, og både unge og gamle nytta kaien og badestranda til å ta seg ein dukkert, medan Yngve Fyllingen og gjengen sveitta over grillen som metta hungrige folk i alle aldrar.

  • Sjå alle bildene ved å klikke deg vidare i toppbildet.

Rømt frå sjukeheimen

«Tantebesøk» vart det også, og dei to gamle damene hadde rømt frå sjukeheimen for å få eit glimt av sine heltar. Medan tante Ragna «aldri fekk nok av Ottoen», var tante Signy mo i knea av Håkon Sandvik, fordi han likna på - og song som Johnny Cash. Ho minnast gamle dagar då ho reiste på dans berre for å sjå og høyra Håkon Sandvik – Hjelmås sitt svar på nettopp Johnny Cash.

Magisk stemning

Og stemninga var magisk heile kvelden. Ein av dei frammøtte fortalte han hadde vore på «allsang på grensen» og at det ikkje kunne måla seg med Allsong på kaien!

Terningkast 6 var ein kommentar og lovorda var mange frå dei frammøtte. Og arrangementet klarte nett det, skapte kortreist glede her me bur.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken