Bygdefant har allereie fått seg ein fanklubb: – Eg er ingen Kygo

Jan Ashish Hopland jobber seg sakte, men sikkert mot målet om å bli en etablert artist.

Jan Ashish Hopland jobber seg sakte, men sikkert mot målet om å bli en etablert artist. Foto:

Storfé, hest, offshore og ei gryande artistkarriere.

DEL

(BA): Og Jan Ashish Hopland (34) frå Seim følte det var naturleg å ta artistnavnet Bygdefant.

Bonden og tømraren har i alle år drive med mjølke- og kjøttproduksjon, livdyrsal, sau og hest. No jobbar han offshore, samtidig som har driv familiegarden vidare.

– Eg er adoptert frå India, men elskar country og inst inne er og blir eg ein ekte bygdegut som er veldig stolt av bygda mi.

Balla på seg

I fjor sommar vart den aller første låten hans, «Sommerflørt», gitt ut. Den tok av i heimbygda Seim, som har rundt 400 innbyggarar, i Alver.

– Først måtte eg høyre med ein produsent. Eg gjekk frå å spele med gitaren og lage show i lystig lag med ein liten ein dram til, og ønska ikkje å dumme meg ut, fortel han.

Songen var først meint til «intern» bruk. Men produsenten likte det han høyrde.

– Eg vart beden om å komme i studio, og sidan har det balla på seg. Eg er stolt av det vi har fått til på kort tid med gode folk rundt meg, fortel han, og kan røpe at både bilen – og dei fleste han kjenner – er utstyrt med logoen Bygdefant på både klede og panser.

– Det er mange som er ein bygdefant, både jenter og gutar, og eg meiner at alle har ein i seg, ler han.


Ingen Kygo

No nærmar han seg 60.000 lyttingar totalt på Spotify.

– Eg er ingen Kygo. Men frå å vere nedst på rangstigen, heilt ny og ukjent, som aldri hadde gitt ut noko, meiner eg at det er gode straumetal. Eg er audmjuk og takknemleg.

Kjærleikssongen «Jenta mi», som han skreiv til kona, er låten med flest Spotify-avspelingar.

– Den er ikkje klisjé med stearinlys og kliss, sjølv om det også kan vere fint, det er ei danselåt. Vi treng litt livlege låtar i ei mørk tid.

Den store draumen er no å halde fram med å gi ut musikk, halde konsertar, og å bli lagt merke til utanfor bygdegrensene.

– Av alle stader vert låtane spelt på ein radiokanal i Vadsø, det hadde jo vore gøy å nå ut til fleire på Vestlandet.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken