Bustadutbygging på Midtmarka på Flatøy vil verka sterkt sentraliserande

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Alver Senterparti er glad for at mange offentlege instansar har protestert (hatt motsegn) til planframlegget på områdereguleringa for Midtmarka. Dyktige fagmiljø og store offentlege instansar som Statens vegvesen, Vestland fylkeskommune og Fylkesmannen i Vestland har varsla motsegn til planane her. Mange av desse protestane er så alvorlege at at det kan stoppa utbygginga.

Områdereguleringa for Midtmarka opnar for om lag 3.000 bueiningar. Ved full realisering av planframlegget vil det det verta etablert ein ny tettstad på Flatøy, midt mellom Knarvik og Frekhaug. Alver Senterparti er godt nøgd med merknaden frå Vestland fylkeskommune som ber Alver kommune kartleggja kor mykje bustadareal kommunen vår har i godkjente planar, og utsetja handsaming av Midtmarka-planen til ny kommuneplan for Alver kommune er utarbeidd.

Alver Senterparti meiner at bustadbygging på Midtmarka på Flatøy vil kunne verka sterkt sentraliserande. Dette i eit område Alver kommune ikkje har peika på som eit vekstområde for bustadbygging. Alver Senterparti meiner og at bustadutbygginga i Alver kommune må skje gradvis i regionsenteret Knarvik og i lokal- og nærsentra som er vedtatt og kome med i intensjonsavtalen.

Dei politiske partia må og arbeida saman framover for at det skal vera levande bygder og bu folk i heile kommunen. Friluftslivet i dette området og mot Håøytoppen vil og verta sterkt skadelidane om ei slik planlagt utbygging vert realisert. Det same gjeld for det eksisterande bumiljøet på Flatøy.

Asbjørn Nagell Toft, leiar i Alver Senterparti. Arkivfoto

Asbjørn Nagell Toft, leiar i Alver Senterparti. Arkivfoto Foto:

Alver Senterparti er og samd med det Fylkesmannen i Vestland skriv om at planframlegget ikkje tek stilling til utbygginga si verknad på Knarvik og Frekhaug. Fylkesmannen vurderer det slik at utbygginga på Flatøy vil konkurrera med tettstadane, og at det er fare for at det vil bli eit bilbasert lokalsamfunn i lang tid.

Alver kommune skal no i gang med utarbeiding av samfunnsdelen i ny kommuneplan og deretter arealdelen i kommuneplanen. I denne samanheng er det naturleg at Alver kommune ser nærare på behovet for bustader og næringsareal i heile kommunen. Det er difor ikkje nokon gode grunnar for å kasta vekk verdifulle administrative og politiske ressursar på omfattande meklingsmøte med dei offentlege instansane no, med mål om å få områdereguleringa for Midtmarka godkjent.

Alver Senterparti meiner at områdereguleringa av Midtmarka og Rotemyra må utsetjast til arbeidet med kommuneplanen sin arealdel for Alver kommune er ferdigstilt. Me må høyra på innbyggjarane våre i heile Alver kommune på korleis me skal planleggja framtida vår saman som ein kommune.

Asbjørn Nagell Toft,
leiar i Alver Senterparti

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken