Busstreiken er over - dette får bussjåførane i lønsauke

No kan bussane i Nordhordland begynne å rulle igjen. Foto: Vegard Flatøy
Etter i overkant av ti dagar med busstreik blei partane einige klokka 07.00 torsdag. Dei første bussane vil vere i gang frå klokka 12.
(BA): – Likevel må folk belage seg på at det vil vere driftsforstyrrelsar utover heile dagen, skriv Yrkestrafikkforbundet i ei pressemelding torsdag morgon.
Eit fleirtal av forhandlingsdelegasjonen anbefalar oppgjeret. No skal forhandlingsresultatet ut på uravrøysting til medlemmane i dei fire organisasjonane.
– Dobla det opprinnelege tilbodet
Dersom forslaget får fleirtal blant den samla medlemsmassen, blir oppgjeret godkjent.
– Vi har meir enn dobla det opprinnelege tilbodet frå arbeidsgjevar. Det blir gitt generelle tillegg på til saman 5,50 kroner, samt 1 krone som fagbrevtillegg i 2020, uttaler forbundsleiar i Yrkestrafikkforbundet Jim Klungnes i ei pressemelding.
– Partane har gjort forbetringar i avtalen som hindrar at bussjåførane kjem dårleg ut i samordna oppgjer og påfølgande mellomoppgjer, slik som i 2018 og 2019, uttaler forbundsleiar i Fellesforbundet Jørn Eggum.
– Lønnsvekst på 20.000
Ifølge VG opplyser Fellesforbundet at alle er sikra ein lønnsvekst på 9 kroner. Dette blir fordelt med 6,50 kr i lønnsauke i 2020 og ei opptrapping med 2,50 kroner i 2021. I tillegg kjem det generelle tillegget i mellomoppgjeret i 2021.
– Årslønnsveksten blir då nærmare 20.000 kroner for den enkelte sjåfør. Av andre gjennomslag har vi sikra at det skal jobbast med å sjå på arbeidstidsordningar og sikkerheitstiltak, seier Eggum.
Takkar folket
Dei første bussjåførane blei tatt ut i streik søndag 20. september. Totalt la over 8000 bussjåførar landet over ned sitt arbeid, og streiken har ramma heile landet.
– Vi vil takke befolkninga og passasjerane våre for den massive støtta vi har opplevd gjennom streiken, seier forhandlingsleiar Stein Guldbrandsen i Fagforbundet
Kommentarer til denne saken