Gå til sidens hovedinnhold

Bussen hamna delvis utfor vegen

29. juni 2020, kl. 09:28

I morgontimane mandag vart det til tider kaos på Radøyvegen ved Lunde. Ein buss avverga ein mogleg kollisjon, og hamna utfor vegen med to dekk. Dette gjorde at det berre vart ein trong passasje for andre køyretøy til å kome seg forbi. Det vart manuell dirigering frå sivile på staden, der berre personbilar kom seg forbi. Bussar og lastebilar, som det stadig kom fleire av, kunne ein møte ryggande opp bakkane, då dei innsåg at dei ikkje kom seg forbi.