Gå til sidens hovedinnhold

Bubil utbrent etter brann

Naudetatane rykte måndag ut til brann i ein bubil.

Like over klokka 11.30 måndag melder brannvesenet om brann i ein bubil på Frekhaug like ved Meland golf i Alver kommune.

– Det er brann i ein bubil. Den er totalt utbrent, og det er fare for spreiing til ein bustad og ei campingvogn på staden.

Det seier Christer Skei, vaktkommandør i 110-sentralen i Vest til BA like etter meldinga.

Politiet melder på Twitter at brannen skal ha starta då bubilen sto parkert. Brannvesenet opplyser at ei gassflaske skal ha blitt fjerna frå bubilen.

Like over klokka 12.00 melder brannvesenet at dei har kontroll på brannen, og at det ikkje lenger er fare for spreiing. Det er ikkje meldt om personskadar, men ein person blir sjekka av helse etter å ha fått i seg røyk.

– Det er litt opne flammar igjen i bubilen, men vi har kontroll på brannen. Så langt har det vore mindre eller ingen skade på den nærliggande bustaden, seier Skei til Avisa Nordhordland, klokka 12.20.

To bilar og ein campingvogn i nærleiken av brannen blei varmepåverka.

– Vi kjem til å halde fram med ettersløkkinga i ein time til.

Forsøkte å redde bubilen sjølv

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt Bjarte Rebnord opplyser om at brannen først blei meldt til politiet klokka 11.30.

– Huseigar, og sannsynlegvis bubileigaren, gjorde eit forsøk på å sløkke brannen sjølv, men klarte det ikkje. Han kontakta dermed brannvesenet, seier Rebnord.

Han legg til at mannen er køyrd til Nordhordland legevakt grunna røykinhalering.

– Han var ved bevisstheit, men hadde pusta inn tjukk røyk frå bubilen.

Rebnord fortel at det for tidleg å seie noko om årsaka til brannen, men at politiet opprettar sak.

Saka blir oppdatert.

Kommentarer til denne saken