Bubil med stans på Nordhordlandsbrua

Foto:

DEL

Fredag like etter klokka 12 rykker politiet ut til Nordhordlandsbrua.

Det skal vere ein bubil som har fått stans på brua i nordgåande retning.

Det melder Vegtrafikksentralen vest.

Operasjonsleiar Terje Magnussen seier at det allereie har danna seg lange køar på brua.

- Vi prøver å dirigere trafikken og ventar på bilbergar, seier han til Avisa Nordhordland.

Bubilen vert hjelpt gjennom køen.

Køen kryssar heile Flatøy og Hagelsundbrua, opplyser NH-journalist på staden.

Klokka 1330 er det fri ferdsel etter bilberginga.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken