Gå til sidens hovedinnhold

Brot mellom Adrian Sellevoll og kjærasten

Nyleg bekrefta nordhordlendingen at forholdet har tatt slutt.

(Nettavisen): I januar vart det kjent at reality-stjerna og artisten Adrian Sellevoll (23) frå Hjelmås hadde fått seg kjærast, då han slapp ei ny låt med tittelen «Vise deg verden», som omhandla ho.

Fire månader seinare kan han bekrefte overfør Rød Løper at forholdet er over.

– Ho har vore ein viktig støttespelar og eg sit igjen med fine minner. Det øydelegg psyken at eg klarte å øydeleggje det, uttaler han til Rød Løper, og understrekar at han ønsker ho alt godt vidare.

Nytt liv

I eit tidlegare intervju med Nettavisen, i forbindelse med låtsleppet, la 23-åringen ikkje skjul på at livet dei siste åra har vore prega av hard festing, lite søvn og ein svært uorganisert kvardag.

– No er eg på ein heilt annan stad i livet. Det var ein periode i livet der det var veldig mykje festing, mykje folk inn og ut av livet mitt og menneske som ikkje var heilt bra for meg. Eg vart sliten i kroppen og hovudet av det. Songen handlar ikkje om ei spesifikk hending, men eit lenger hendingsforløp og at eg klarer meg fint utan alle dei giftige menneska rundt meg, sa han.

Til Nettavisen den gong fortalde han at han hadde trekt seg unna dei folka som ikkje har vore bra for han, og at han heller ikkje lenger er så mykje ute på byen som han pleidde.

– Eg er lei av den dunkande technomusikken i øret og seine kveldar der ein sit vaken på eit nachspiel til klokka åtte på morgonen. Eg kan gjerne ta meg ein fest, men då er det heller med dei nærmaste venene og ikkje så mykje folk. Eg blir stressa av for mykje folk, uttalte Sellevoll.

Les også

Adrian Sellevoll sin nye låt vekker sterke reaksjonar: – Ein treng ikkje å føle skyld for å ha mørke tankar

Les også

Jaktar unge strilar til ny dramaserie

Les også

Adrian Sellevoll røper ny kjærast: – Ekte forelsking

Kommentarer til denne saken