Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
I budsjettforhandlingane med regjeringa i fjor haust sikra KrF, for 5. året på rad, auke i midlar til breidbandsutbygging. Desse midlane går til fylkeskommunen, som igjen samhandlar med kommunane og utbyggingsselskap, slik at det vert bygt ut breidband der marknaden aldri vil tene på å gjere det åleine. Kvart einaste år har regjeringa til H og FrP, og sist år Venstre, kutta i desse midlane.
I Gulen har det siste året vore ei god utvikling for fleire breidbandskontraktar. Men framleis er det mange mindre bygder som er utan. No er det laga eit kart som ligg på heimesida til kommunen, der ein kan merke av om ein har trong for betre breidband. Positivt!

Regjeringa kuttar i breibandmidlane til distrikta
I kommunestyret var Høgre aktive for å vise til trongen for meir midlar til breidband. Det er bra. Fint om dei samtidig sender ei takk til KrF som sikra 100 millionar ekstra i statsbudsjettet. Og så må også Høgre få samanheng i politikken sin. For trua på at marknaden ordnar opp åleine har vist seg å ikkje stemme. Noko Gulen Høgre sin innsats lokalt tyder på at også dei ser.
Aktive grep med regionale utviklingsmidlar, midlar til infrastruktur, som til dømes breidband, styrke nærbutikkane og drosjenæringa for å nemne noko, er viktige område for at distrikta skal fungere og for at folk kan bu og drive næring der.
Trude Brosvik
lokallagsleiar og listetopp for Vestland KrF
(PS! Dette innlegget er sendt til Nh 30. desember - altså før KrF gjekk i regjering med Høgre, Frp og Venstre.)
No krev bygdefolket breiband - slit med å utføre sitt daglege arbeid
Kommentarer til denne saken