Seks lokale korps i brass-NM

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Det er seks korps frå Nordhordland med i årets noregsmeisterskap.

DEL

EBML og MML skal forsvara våre fargar i elitedivisjonen, Radøy Brass er vår deltakar i 1. divisjon, medan Oster Brass etter fjorårets NM stiller i 2. divisjon. Her finn vi også Manger old star brass. Lindås Brass er på plass i 3. divisjon.

I elitedivisjonen er det Radøy-komponisten Torstein Aagaard-Nilsen som har skrive pliktnummeret, «Aubade – Dawn songs of the fabulous birds». Aagaard-Nilsen skreiv stykket til EM i Bergen i 2003.

– Aubade er basert på musikalske bilde av imaginære fuglar: skapningar med vinger som berre finst i eventyr og mytar. Det heile begynner med ein baryton-kadens som vekker alle sovande skapningar. Snart begynner alle å synga sin song på den eine eller andre måten, seier komponisten om pliktnummeret.

Elitedivisjonen – 10 korps

Eikanger Bjørsvik Musikklag

Manger Musikklag

Bjørsvik Brass

Kleppe Musikklag

Jaren Hornmusikkforening

Krohnengen Brass

Molde Brass Band

Oslo Brass Band

Stavanger Brass band

Tertnes Brass

I 1. divisjon stiller 12 korps, i 2. divisjon 13 og i 2. divisjon 15 korps. Det er i alt fem divisjonar.

Artikkeltags