Eikanger-Bjørsvik musikklag stakk av med sigeren i brass-NM.

Det vart kjend laurdag kveld. Dermed har EBML vunne brass-NM tre gonger på rad og 18 gonger totalt, sidan den fyrste NM-konkurransen vart avhalden i 1979.

Og sigeren denne helga vart ganske så suveren. Dommarane gav EBML 98 poeng på pliktnummeret og heile 99 poeng på det sjølvvalde nummeret. Det gav 98,5 poeng totalt.

Aldri fått så mange poeng før

– Det har vore to fantastiske dagar i Grieghallen og me er glade for at det gjev utteljing, seier Viggo Bjørge i EBML til avisa Nordhordland.

EBML har aldri fått så mange poeng i NM før og det er berre andre gong eit korps har klart å ta så mange poeng i NM.

– Kva er det som gjer EBML så gode?

– Det er heile pakka. Det er enormt god jobbing, me har eit godt apparat rundt med fokus på mellom anna kvalitet og langsiktigheit, seier Bjørge.

No er neste store konkurranse EM i nederlandske Utrecht i mai. Vinn dei EM nok ein gong, får dei med seg Manger musikklag i 2019.

– Det hadde vore fantastisk gøy og me skal prøva på det, seier han

Årsaka til at det kan skje, er at om vinnaren av NM er den same som vinn EM, får nummer to og vera med. Og i år vart det Manger musikklag.

– Me er glade for at naboane er oppe på andreplass igjen. Det gjorde ein kjempejobb, seier Bjørge.

Manger musikklag framfører her sitt eigenvalde stykke, Raveling, Unraveling - in search of La Valse. VIDEO: Yngve Garen Svardal

 

Til trass for tre NM-sigrar på rad, tek dei ikkje av, som dei sindige nordhordlendingane dei er.

 

– Det var ein fortent siger

– I kveld skal me på fest med alle deltakarane i Grieghallen, men så er det på 'an igjen med strisekk og havrelefsa, seier Bjørge.

Nummer to i konkurransen vart altså Manger musikklag som fekk 96,5 poeng på pliktnummeret og 97 poeng på det sjølvvalde nummeret og dermed 96,75 poeng.

Styreleiar Håvard Skutle innrømmer at dei er litt skuffa.

– Det er ein jo alltid om ein ikkje går til topps, seier han til avisa Nordhordland.

– Men me anerkjenner at dei som vann er veldig gode. Det var ein fortent siger, seier han.

Skutle er godt nøgd med Manger musikklags speling i helga.

– Eg er veldig nøgd med vår innsats. Me var kanskje litt betre på fredag og litt dårlegare på laurdag, seier han.

Han skryt av jobben EBML gjere og meiner dei no haustar fruktene av lang tids god innsats.

– Dei jobbar kanongodt og gjer at me må jobba godt og enno betre enn det for å ta att det forspranget dei har på oss nett no, seier han.

Manger musikklag har ikkje vunne NM sidan 2010 og står med totalt åtte NM-sigrar.

Skutle seier dei må jakta marginane som gjer Manger musikklag enno betre enn i dag.

– Spelar det at de manglar eit eige lokale å øva i inn?

– Ja, det trur eg ikkje me skal stikka under ein stol. Me brukar mykje ressursar på å finna ut kor me skal øva til ei kvar tid. Kapasitet som går til det og ikkje til kunstnarisk utvikling er nok ein faktor, seier han.

 

– Må øva meir

Men han går ikkje med på at det er hovudfaktoren til at naboane i Lindås er hakket betre enn dei framleis.

– EBML øver litt meir enn me gjer i løpet av ein sesong. Det trur eg er ein hovudfaktor, seier han.

Men han innser samstundes at dei må finna balansegangen på kva belastning som kan gje dei gevinst.

– Det er ei totalvurderingssak som me må sjå på framover. Men kanskje det å øva litt meir gjer at me kan tetta gapet til Eikanger-Bjørsvik, seier han.

Bjørsvik brass, som i hovudsak er samansett av tidlegare medlemmar frå EBML enda på 5.-plass med 94,25 poeng.

Men det var ikkje berre Eikanger-Bjørsvik musikklag som stakk av med sigeren på laurdag. I 2. divisjon vart Oster brass klar vinnar med sine 94 poeng. Manger old star kom på 3.-plass med 91,5 poeng.

I 1. divisjon gjekk det ikkje like bra for dei lokale håpa frå Radøy. Der enda Radøy brass på 6.-plass med 91,5 poeng.

I 3. divisjon enda Lindås brass på 6.-plass med 90 poeng. Vinnaren vart Fjell brass.