Radøy brass og EBML tok sigeren i kvar sin divisjon. - Stemninga er i taket!

JUBEL: Slik såg Radøy brass ut like etter at det vart klart at dei vant 2. divisjon i NB brass 2017. - Det vart litt av eit jubelbrak, seier Amanda Voldsund, leiar i Radøy brass.

JUBEL: Slik såg Radøy brass ut like etter at det vart klart at dei vant 2. divisjon i NB brass 2017. - Det vart litt av eit jubelbrak, seier Amanda Voldsund, leiar i Radøy brass. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Dette var uventa! Vi hadde eit bittelite håp om å kanskje klare å vera bland topp tre, så det var utruleg kjekt å nå toppen!

DEL

Det seier Amanda Voldsund, som er leiar i Radøy brass. Dei vant 2. divisjon og kan no sjå fram til å spele i 1. divisjon.

Voldsund fortel at korpset var samla på eit hotellrom i Bergen då fekk vita resultatet.

– Det vart litt av eit jubelbrøl! Stemninga er i taket og det vart både klemmer og tårer, rapporterer ho like etter at resultatet vart klart.

LES OGSÅ: Sander lager instrumenta han sjølv speler på

– Veldig stolt

Leiaren i Radøy brass seier det er mange gode korps i 2. divisjon, og at dei difor ikkje hadde forventa å nå toppen.

– Vi er eigentleg eit 1.-divisjonsband, men i 2013 rykka vi ned frå 1. divisjon til 2. divisjon – og vi kom oss ikkje opp att. Konkurransen er hard, men endeleg skal vi no tilbake til 1. divisjon. Eg er veldig stolt over gjengen, seier ho.

– Det vert fantastisk å spele i 1.divisjon. Der er det også hard konkurranse, så målet vert å halda seg stabil, seier ho.

No radøy brass på veg til Grieghallen og festkonserten.

– Kanskje vi vert festens vinnarar også, ler ho.

Eikanger-Bjørsvik Musikklag, som vant elitedivisjon i fjor, kom heilt til topps også i år.

Eikanger-Bjørsvik Musikklag, som vant elitedivisjon i fjor, kom heilt til topps også i år. Foto:

– Veldig fornøgd

Eikanger-Bjørsvik Musikklag, som vant elitedivisjon i fjor, kom heilt til topps også i år.

– Åh, no er eg letta og veldig fornøgd, seier Viggo Bjørge i Eikanger-Bjørsvik Musikklag, like etter kåringa.

– Korleis var det å vinna?

– Ein er alltid spent før ein får vita resultatet, uansett kor god kjensle ein har på førehand. Vi visste vi hadde spelt veldig godt, og var bland favorittane - spesielt i dag var det ein magisk stemning. Men det er ein personleg vurdering av ein jury, så ein veit aldri. Det å vinna har vi hatt som mål, og då er det ekstra kjekt å få det til, seier Bjørge til Avisa Nordhordland.

Dette er EBML sin NM tittel nummer 17.

Her kan du sjå resultatlista for NM brass 2017:

Elitedivisjon NM brass 2017

1. Eikanger-Bjørsvik Musikklag: 95-97-96
2. Stavanger Brass Band: 95,5-96-95,75
3. Manger Musikklag: 92-95-93,5
4. Bjørsvik Brass: 93\u001F-93-93
5. Jaren Hornmusikkforening: 87-94,5-90,75
6. Kleppe Musikklag: 90-91-90,5
7. Oslo Brass Band: 91-87-89
8. Molde Brass Band: 88-89-88,5
9. Krohnengen Brass Band: 86-88-87
10. Oslofjord Brass: 85-86-85,5

1. divisjon NM brass 2017

1. Tertnes Brass: 95
2. Musikkorpset Gjallarhorn: 94
3. Ila Brass Band: 93,5
4. Sola Brass Band: 92,5
5. Askøy Brass Band: 92
6. Hasle Brass: 91
7. Tomra Brass Band: 90
8. Flesland Musikklag: 89
8. Brøttum Brass: 89
10. Haukås Musikklag: 88
11. Tertnes Amatørkorps: 86
12. Oster Brass Band: 85

2. divisjon NM brass 2017

1. Radøy Brass: 97
2. Sandefjord Brass Symposium: 95
3. Sagvåg Musikklag: 94
4. Jølster Musikklag: 93
5. Agder Brass: 92
6. Alexander Brass Band: 91
7. Manger Old Star Brass: 90
8. Tysnes Musikklag: 89
9. Tromsø Brass: 87
9. Ørskog Brass: 87
11. Trondheim Politis Brass Band: 85
12. Lindås Brass: 84
13. Follesø Musikklag: 83

Artikkeltags