Sjå brass-NM live på nordhordland.no

DEL

Landets beste brassband møtest til dyst fredag 8. og laurdag 9. februar 2019. I år er det 40 år sidan NM brass starta. Den gong deltok ti korps. Alle seks divisjonane blir streama direkte. I elitedivisjon og i 1. divisjon er det ekspertar med i studio.

I år er 76 korps påmeldt frå heile landet. Hordaland er sterkast representert, med heile 28 korps. Men til konkurransen møtest korps frå nesten heile landet.

Heile konkurransen blir streama. Ekspertkommentatorar i år er Irene Anda i elitedivisjonen og Harald Eikaas i 1. divisjon.

Artikkeltags