EBML vann NM for fjerde gong på rad!

Eikanger-Bjørsvik musikklag under festkonserten på Brass-NM 2019.

Eikanger-Bjørsvik musikklag under festkonserten på Brass-NM 2019. Foto:

DEL

Festkonserten i Grieghallen med Eikanger Bjørsvik Musikklag er no over.

76 korps fordelt på seks divisjonar sit no og ventar på kven som stikk av med alle prisane.

Bergensordførar Marte Mjøs Persen har nettopp hylla korpsrørsla og no er det klart for prisutdeling.

Fyrst ut er 5. divisjon.

Der stakk IMI brass av med sigeren med 94 poeng. Saksumdal fekk andreplassen med 92 poeng og Riska brassband fekk tredjeplassen med 91 poeng.

4. divisjon:

Der stakk Valdres brass av med sigeren. Dei fekk 94 poeng medan Lyshornet brass fekk 2, plass med 93,5 poeng.

3. divisjon:

Her fekk Lindås 3.-plass med 94,5 poeng.

Vinnaren vart Krohnengen old star med 97 poeng. Nes musikkforeining fekk andreplassen med 95 poeng.

2. divisjon:

Her fekk Manger Old star, vår lokale representant ein 8.-plass med 91,5 poeng.

Vinnar vart Brøttum brass med 96 poeng, eit poeng føre Sola brass band.

1. divisjon:

Radøy og Oster brass var dei to lokale deltakarane her.

Radøy brass stakk av med soloprisen i denne klassen.

Men det gjekk ikkje så bra i samandraget. Oster brass delte sisteplassen saman med Hasle brass. Dei fekk 84 poeng. Radøy enda på 8.-plass med 87 poeng.

Vinnar vart Krohnengen brass med 96 poeng. Dei kom føre Kleppe og Rong brass som fekk høvesvis 95 og 93 poeng

Elitedivisjonen:

Trombonegruppa i EBML fekk gruppeprisen her.

Bjørvik fekk 4.-plass og 92 poeng. Dei fekk 89,5 poeng på pliktnummeret og 94,5 poeng på det eigenvalde. Manger musikklag fekk 3.-plass med 94,5 poeng. Dei fekk 91 poeng på pliktnummeret og 94,5 poeng på det sjølvvalde. Medan EBML nok ein gong vart Noregsmeistrar med 96,25 poeng, føre Stavanger brass. EBML fekk 96,5 poeng på pliktnummeret og 96 poeng på det sjølvvalde.

Artikkeltags