Siste EM for Magnus og Marit

For sambuarparet Magnus Brandseth og Marit Holm er brassband-EM i Sveits slutten på ei mangeårig korpstid i Eikanger Bjørsvik Musikklag. – Å spela i EBML er ein livsstil meir enn ein hobby, seier Magnus, klar for sitt EM nr. 13.