Vil kampen om NM-tittelen i årets brass-NM stå mellom våre to favorittkorps, Eikanger Bjørsvik Musikklag og Manger Musikklag? For første gong på mange år stiller begge korpsa med norske dirigentar.
Det er sju lokale korps (medrekna Bjørsvik Brass) som deltar i årets NM. Tre av dei stiller i elitedivisjonen og vil ganske sikkert bli å finna i toppen av resultatlista.
Oster Brass er i år einaste korps frå Nordhordland i 1. divisjon. Men i 2.divisjon spelar både Radøy Brass, Lindås Brass og Manger old star.
LES OGSÅ: Olivia «diggar» både EBML og MML
EBML med festkonsert
Det er svært god påmelding til brass-NM. Heile 79 korps og 2500 musikantar – frå Agder i sør til Troms i nord har meldt seg på i konkurransen. I år er det Eikanger-Bjørsvik Musikklag som spelar festkonsert. Korpset har stor spennvidde i repertoaret, framført med høg musikalsk kvalitet. EBML har dei siste åra tatt nye steg framover. Dei har fått plass på festivalar som ikkje tidlegare har prioritert korps.
LES OGSÅ: Korpset med 1000 års erfaring i rekkjene
Lukka bedømming
I år er det lukka bedømming på pliktnummeret i elitedivisjon og spelerekkefølgja blir difor trekt fredag 3. februar. Alle divisjonane blir sendt direkte på TV 2 Sumo. I studio vil Morten Hansen og Arvid Anthun sitja som kommentatorar.
Deltakaroversikt Brass-NM
Elitedivisjon
Eikanger Bjørsvik dir. Ingar Bergby Musikklag
Manger musikklag dir. Peter Szilvay
Bjørsvik Brass dir. A. Hanson
Jaren Hornmusikk- dir. Howard Evans forening
Oslofjord Brass dir. Gary Cutt
Molde Brass Band dir. Russel Gray
Krohnengen Brass Bamd dir. Bjørn Breistein
Stavanger Brass Band dir. Allan Withington
Oslo Brass Band dir. Geir Holm
Kleppe Musikklag dir. Philip Hannevik
1. divisjon (lokale korps)
Oster Brass dir. Joseph Cook
2. divisjon
Radøy Brass dir. T. Aagaard-Nilsen
Lindås Brass dir. Hilde B. Grytten
Manger Old Star Brass dir. Marit Tømmermo
Kommentarer til denne saken