Sondre fortel at han har gått med ein draum om ein gong å sitta i EBML sine rekker – «best there is», forsikrar han. Og i september i fjor var han EBML-musikant.

– Klart det er stort å få spela i eit korps som EBML. Korpset held eit utruleg høgt nivå. Me føler oss klare og gler oss til å visa kva vi kan, toppforma er i ferd med å bli prikka inn, seier Sondre. Han sit i tubarekkja – som han likar å omtala som grunnmuren i korpset.

 

25-åringen er lærar på Paradis skule, og har gått gradene i Smørås skulemusikk.

EBML har hatt øvingar kvar dag siste halvanna veka, under sin gjestedirigent Ingar Bergby. Sondre Undertun trur kampen om NM-sigeren står mellom dei tre – anger-korpsa. - «The same procedure..», seier han med eit smil.