Gå til sidens hovedinnhold

Brannsløkkinga kan få konsekvensar for bebuarane i området

Onsdag ettermiddag rykte naudetatane ut til ein brann i eit bygg like utanfor Manger sentrum.

Klokka 17.42 har dei ikkje kontroll på brannen.

Alver kommune melder om at bebuarane kan merke brannsløkkinga på vatnet deira.

– Sløkking av ein stor brann i området kan føre til at du får dårlegare trykk eller misfaring på vatnet heime hos deg, skriv dei på Facebook.

Dei opplyser om at dei ikkje får sendt SMS til bebuarane då SMS-systemet til kommunen er nede.

Les meir om brannen her:

Les også

Ikkje kontroll på brannen: – Flammane står gjennom taket

Kommentarer til denne saken