Lindås og Meland brann og redning styrker beredskapen: – Saman er vi sterke

AVDUKA: Den nye akuttberedskapen vart offisielt innvigd under ei markering på brannstasjonen fredag, der ordførarane Astrid Aarhus Byrknes og Nils Marton Aadland frå Lindås og Meland avduka førstehjelpsutstyret. – Dette er ei viktig styrking av beredskapen i kommunane, seier dei to.Alle foto: Morten Sæle

AVDUKA: Den nye akuttberedskapen vart offisielt innvigd under ei markering på brannstasjonen fredag, der ordførarane Astrid Aarhus Byrknes og Nils Marton Aadland frå Lindås og Meland avduka førstehjelpsutstyret. – Dette er ei viktig styrking av beredskapen i kommunane, seier dei to.Alle foto: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

LINDÅS: Med utstyr og opplæring frå Norsk Luftambulanse kan brannmannskapa no rykka ut og gi livsviktig hjelp ved alvorlege skadar og sjukdom.

DEL

Fredag vart utstyret offisielt innvia med ein markering på brannstasjonen.

– Dette gir oss ein høgare kompetanse enn «First responder». Før rykka vi ut når nokon hadde fått hjartestans, no kan vi rykka ut før gi livsviktig hjelp og avlasting, seier Nils Medaas i Lindås og Meland brann og redning. Med seg har dei mellom anna hjartestartar, oksygenapparat og moglegheit til å gi blodfortynnande medisin. Medaas rosar det gode samarbeidet dei får til på tvers av blålysetatane her i distriktet.

LES OGSÅ: 150 bilistar stoppa i gladkontroll

Godt samarbeid

– Når vi kan jobba saman og er godt samkøyrde er vi mykje betre enn vi kan vera kvar for oss, seier han.

Ordninga er meint som eit supplement til helsetenesta. I mange tilfelle vil brannmannskapa ha kortare responstid, til dømes om ambulansen er oppteken med andre oppdrag.

– Vi kan vera raskt på staden og gi hjelp og støtte til ambulansepersonell er på plass. I tillegg kan vi gi viktig informasjon vidare til helsepersonellet som er undervegs, seier Medaas. For pårørande og pasient er det og tryggande å ha mannskap på plassen som kan handtera situasjonen.

LES OGSÅ: Då skredalarmen gjekk på søndag, sat brannsjefen i Masfjorden og skreiv ein rapport om skredfaren i kommunen

16 timars kurs

Det er Stiftelsen Norsk Luftambulanse (SNLA) som står bak prosjektet «Medan du ventar på ambulansen». Stiftinga har levert ut akuttsekkar og hjartestartarar, i tillegg til eit 16 timars førstehjelpskurs til mannskapa, finansiert av fagforbunda og Gjensidigestiftelsen i tillegg til midlar frå eigne medlemmar.

– Nær 100 kommunar er no med, av desse er fem i Hordaland, seier regionsjef Steinar Sellevold i SNLA.

I vår region er Gulen og Masfjorden brannvern alt med i prosjektet.

LES OGSÅ: Redningsselskapet UNG på Radøy

Artikkeltags