Brannvesenet brukte føremiddagen til å øve i Eikåstunnelen: – Det blir ein del røyk

Mannskap skulle trene på tunnelbrann.

DEL

BA: Eikåstunnelen blir stengt og bebuarar kan vente seg å sjå ein del røyk velte ut av tunnelen når brannvesenet trener på å takle tunnelbrann søndag føremiddag.

Øvinga er identisk som den brannvesenet gjennomførte for to veker sidan. Då vart BA tipsa av bekymra naboar om at det velta ut røyk fra tunnelen som om det var ein reell bilbrann.

– Det gjennomførast veldig skikkeleg. Vegvesenet har maskinar som dei brukar til å lage røyk med, forklarar vaktkommandør Jan Ove Haga ved 110-sentralen.

Øvinga vil pågå i nokre timar. Vegtrafikksentralen melder at tunnelen skal vere stengt mellom klokka 0900 og 1200.


Artikkeltags