Etterlyser mopedist etter brann i bosshus

BREI ETTERFORSKING: Politiet kan ikkje slå fast at det er ein samanheng mellom dei to brannane, men held alle dører opne.Arkivfoto

BREI ETTERFORSKING: Politiet kan ikkje slå fast at det er ein samanheng mellom dei to brannane, men held alle dører opne.Arkivfoto

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Ny brann på Frekhaug i helga, politiet etterlyser vitne som var på staden.

DEL

Førre helg vart det oppdaga eit branntilløp i ein garasje i Galtenesvegen på Frekhaug. Heldigvis vart brannen oppdaga og sløkt av forbipasserande, men bebuarar frykta at ein brannstiftar var på ferde.

LES OGSÅ: Rykker ut til garasjebrann

Lørdag kveld denne helga brann det på nytt på Mjåtveit, ikkje langt unna staden der det brann førre helg. Denne gongen var det eit bosshus som brann ned til grunnen.

Politiet kan ikkje slå fast at det er ein samanheng mellom dei to brannane, men held alle dører opne.

Etterforskar parallelt

– Vi etterforskar dei to sakene parallelt. Vi har ikkje grunn til å seia at det er nokon samanheng førebels. Området mellom dei to brannane geografisk er ikkje så veldig stort, seier Glenn Ulrik Våge, politioverbetjent ved Lindås og Meland politidistrikt.

– Ved den første episoden var det ein del ungdommar til stades, som kom frå fest. Vi snakkar med ein del av dei for å klarlegga kva som har skjedd, seier han.

LES OGSÅ: Bustadbrann i Meland

Etter brannen i helga er politiet interessert i å snakka med ein mopedist som stakk frå staden.

– Vi er ute etter å få snakka med mopedist kledd i lys joggebukse, hettejakke eller genser med raudt flagg på ryggen, seier Våge.

– Vedkommande har halde seg i skjul ved brannen, og køyrde frå staden når nokon prøvde å ta kontakt, seier han.

– Det er ikkje sikkert han har noko med brannen å gjera, men vi er interesserte i å snakka med vedkommande.

Lite spor

På brannstaden er det lite å gå etter.

– Faktum er at heile huset har brent opp, spormessig er det vanskeleg, og lite å gjera på staden, Den konkrete årsaka vil vera vanskeleg å finna teknisk, vi må sjå om vi kan finna vitne og personar som har vore i området, ut frå taktisk etterforsking, seier Våge.

LES OGSÅ: Mundalsbergtunellen opna igjen


– Vi held alle moglegheiter opne, med ei brei etterforsking både teknisk og taktisk. Vi får sjå når vi har fått svar på alt vi lurer på om er nokon samanheng. Det at det er geografisk same området og kort tid mellom hendingane, gjer at det kan det vera samanheng, vi kan ikkje sjå bort frå det, seier Våge, som oppfordrar publikum til å ta kontakt om dei har tips.

Artikkeltags