Store sotskader etter ulmebrann

I SIKRINGSSKAPET: Ulmebrannen oppstod i dette sikringsskapet, som har halde brannen tilbake til den brann ut av seg sjølv.

I SIKRINGSSKAPET: Ulmebrannen oppstod i dette sikringsskapet, som har halde brannen tilbake til den brann ut av seg sjølv. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

LINDÅS: – Heile huset må vaskast grundig ut, det luktar veldig sot.

DEL

Det seier styreleiar Einar Vaage i Eikanger-Bjørsvik Musikklag.

Søndag vart det oppdaga at det har vore ein ulmebrann i sikringsskapet i øvingslokala til musikklaget.

Brannen vart oppdaga like etter klokka 12 av slagar i musikklaget, Lars Mostraum, som kom for å vaska på dugnad.

Gjorde alt rett

– Eg og ein eg spelar med skulle på vaskedugnad i huset. Då vi kom inn såg vi at det var dekka av sot. Det er eit tynt svart belegg på golvet, veggane og i taket, seier han til NRK Hordaland.

LES OGSÅ: Etterlyser mopedist etter brann i bosshus

– Han gjorde alt rett. Då han oppdaga kva som var skjedd stengde han døra og ringte 110, seier vakthavande befal Nils Medaas i Lindås og Meland brann og redning.

– Dette er ein brann som har gått ut av seg sjølv inne i eit sikringsskap. Det er mykje sot i gangen, som har smitta tilstøytande rom, seier Medaas.

Kunne vorte storbrann

– Sikringsskapet har gjort jobben sin, eit sånt skap skal holde brann i ein time. Hadde skapet stått ope hadde det vorte ein stor brann med ein einaste gang, seier han. Medaas fortel at dei rykka ut med vaktlaget, og gjekk over lokala med varmesøkande kamera.

LES OGSÅ: Bustadbrann i Meland
 
– Vi gjekk inn med skumutstyr, og undersøkte med varmesøkande kamera, men vi fann ingen varmeskilnad nokon stad, seier han til avisa Nordhordland.

Treng nye øvingslokale

Styreleiar Einar Vaage i EBML sier dei no må finna nye øvingslokale ei tid framover.

– Det har blitt veldig sotete inne, og det luktar kraftig sot. Det er sot på alle rom, så huset er ubrukeleg ein periode framover, seier han.

LES OGSÅ: Kortslutning på Knarvik senter

– Vi må øva ein annan plass ein periode framover. Kor lenge er umogleg å seia,det vert nok ein god stund. Dette går ut over alle brukarane av huset. Det må vaskast grundig ut, det luktar veldig, seier han.

I tillegg til EBML øvar både Oster brass og Knarvik skulekorps i lokala.

Dei fleste instrumenta til EBML har musikarane heime, man alt slagverkutstyret står i lokala.

– Det er mest slagverkutstyr som er oppbevart her, det må gjerast reint, ellers er det ein del bilder, og notearkiv, seier Vaage.

– Det har heldigvis ikkje vore varme ute i romma, seier han.

LES OGSÅ: Lindås og Meland brann og redning styrker beredskapen: – Saman er vi sterke

Ulmebrannen skapar utfordringar for EMBL framover.

– Vi skal spela ein stor konsert i Nordfjordeid i samband med eit stemne, og vi skal spela på festkonsert i skulekorps NM, det er dei store tinga som vi er i gang å jobba med, seier Vaage.

– Vi treng øvingsrom, og vi treng det fort.

Eit profesjonelt restverdiredningsfirma er no i gang med å redda det som er av instrument og anna i lokala.

Artikkeltags