No er det innført totalforbod mot å gjera opp eld utandørs

Måndag vart ein svært hektisk dag for brannvesenet i Hordaland, der det oppstod seks brannar i skog og mark på ettermiddagstid.

Måndag vart ein svært hektisk dag for brannvesenet i Hordaland, der det oppstod seks brannar i skog og mark på ettermiddagstid. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Det fine vêret den siste tida har ført til at det er svært tørt i regionen vår. Brannsjefane i Austrheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen innfører derfor totalforbod mot å gjera opp eld utandørs frå og med 17. juli 2018 kl. 08:00.

DEL

Forbodet gjeld for kommunane Austrheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen frå og med 17.07.2018 og framover til me har hatt nedbør av betyding. Brann- og redningssjefane vil kunngjere når forbodet er oppheva.

Dette betyr:

  • Det er ikkje lov å tenne opp små kaffibål, eingongsgrillar, kulegrillar, bålpanner, stormkjøkken og andre kokeapparat med brennstoff utandørs.
  • Det er ikkje lov å grille eller tenne opp bål i nærleik av skog og mark.
  • Det er ikkje lov å tenne bål og grille i strandsona.
  • Det er ikkje lov å tenne opp bål eller grille på dei vanlegvis godkjente og tilrettelagde bål- og grillplassane.
  • Det er ikkje lov å brenne hageavfall, sjølv på eigen tomt.

Forbodet gjeld ikkje:

Kontrollert bruk av grill i eiga hage. Dette gjeld berre for gassgrill og elektrisk grill. All anna grilling er forbode!


Brannsjef i Austrheim, Rolf Henning Myrmel

Brannsjef i Radøy, Stein Ove Valdersnes

Brannsjef i Lindås, Meland og Modalen, Karl J. Romarheim

Artikkeltags