Brannvesenet rykte ut til bål i Lindås: – Berre flaks at det ikkje blei ny storbrann

– Dei har gjort alt riktig. Om dei ikkje hadde klart å stenga brannen inne hadde vi hatt eit heilt anna scenario, seier vakthavande befal i Lindås og Meland brann og redning, Ståle Hauge.

– Dei har gjort alt riktig. Om dei ikkje hadde klart å stenga brannen inne hadde vi hatt eit heilt anna scenario, seier vakthavande befal i Lindås og Meland brann og redning, Ståle Hauge. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Like før klokka halv ti torsdag morgon melder 110-sentralen på Twitter om at brannvesenet er på veg til Storavatnet som ligg mellom Seim og Hundvin i Lindås.

Brannvesenet hadde fått melding om eit mogleg forlatt bål, og det viste seg å stemme.

– Dette var eit bål som sannsynlegvis er forlatt utan at det har vore tilstrekkeleg sløkt. Potensialet for at dette kunne ha bltt ei større sak enn det no blei er heilt openberrt tilstades slik dei typografiske forholda er på staden med mykje tett skog. Bålet var tent opp inne i ein granskog, seier vakthavande brannsjef i Lindås, Meland og Modalen brann og redning, Ståle Hauge til Avisa Nordhordland.

Under ser du bilder av bålet som kunne ført til ein ny stor skogbrann:

Han minner om at folk alltid skal vere aktsomme sjølv om det ikkje er bålforbod.

– Det er ikkje ulovleg å brenne bål no, men det er ein aktsomheitsregel som er ganske streng. Vi definerer dette som særdeles uaktsomt. Det var kun flaks som gjorde at dette ikkje utvikla seg til ein større brann, og då ville vi hatt ein brann som var minst like stor som den vi har halde på med i fire døgn på Vikanes. Vi i brannvesenet er rett og slett sjokkert over at det blir tent opp bål på denne måten så mykje mediemerksemd som den brannen har fått, seier Hauge.

Brannvesenet er framleis på Vikanes: – Heile landskapet ser ut som grillkol

Artikkeltags