To helikopter er på plass: Skogbrann på Vikanes

Slik såg brannen ut frå «DS Oster» som køyrde forbi på fjorden.

Slik såg brannen ut frå «DS Oster» som køyrde forbi på fjorden. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Om lag klokka kvart over fem melde 110 Hordaland på Twitter om lyng- og skogbrann på Vikanes i Lindås kommune.

Dei melder at brannen spreier seg raskt i vinden.

Eitt felt på E39 er stengt grunna brannen, og politiet er på staden for å dirigere trafikken ved Botsholmneset.

Både brannvesenet og politiet er på staden no. Det er også helsepersonell til stades som har bistått frå både Brekke og Sandnes.

Brannen har oppstått like ved Osterfjordvegen, og det er enorme mengder røyk på staden. Fleire hus er i nærleiken av brannen, og ligg midt inni røykskyane.

18.30 melde brannvesenet at brannen spreier seg sidelengs og oppover fjellet. Brannvesenet setter styrker inn i sør for å stoppe brannen.

To skogbrannhelikopter vart sendt frå Kinsarvik og Sauda.

Saka blir oppdatert.

Artikkeltags