– Brannen starta ikkje langt frå bustadområdet

    Artikkelen er over 1 år gammel

    70-80 mål skog og utmark er svidd av på Vikanes i Lindås. Framleis er brannfaren høg.

    DEL

    Sløkkingshelikopteera frå Sauda og Kinsarvik er sendt heim søndag ettermiddag, men brannvesenet er ikkje ferdig med jobben i det ulendte og bratte terrenget.

    • Sjå dronevideo øvst i saka

    – Det er framleis stor fare for oppblussing. Det er eit stort område, med glør i bakken. Litt vind er det einaste som skal til, så kan det blusse opp att, seier vaktkommandør ved 110-sentralen Ronald Drotningsvik.

    BA var ute ved brannen i Lindås kommune, ikkje langt frå Eikefet, laurdag. Då sa brannsjef i Lindås og Meland Brannvern, Nils Medaas, at han ikkje såg hensikta i å sende masse folk opp i terrenget.

    – Det er for farleg. Terrenget er veldig ulendt. Det er lett å skade seg, og ikkje får brannfolka gjort så mykje heller, sa Medaas.

    Saka fortset under bildet.

    Hentar vatn frå tjern

    Men no som det meste av røykutviklinga har lagt seg, har brannvesenet betre sikt.

    – Og vi har flydd opp ein del utstyr. No hentar vi vatn i eit tjern der oppe, og har pumper og slangar til å drive sløkkingsarbeid, seier Drotningsvik.

    Dei fekk kontroll på brannen like før midnatt, natt til søndag, berre for å oppleve at det blussa opp att. Søndag morgon kunne 110-sentralen melde at dei har kontroll igjen.

    Det var i 17-tida laurdag at brannvesenet fekk fleire telefonar om brann i terrenget ved E39 på Vikanes i Nordhordland.

    Røyken velta opp frå terrenget og vidare mot nokre hytter eller hus like ved. Det lokale stadsnamnet er Botsholmneset, ifølge politiet.

    Veit ikkje kvifor

    Vaktkommandør Drotningsvik seier at dei har ingen teoriar om kvifor brannen starta. Bebuarane i området vart evakuerte, men fekk kome tilbake til husa sine søndag.

    – Men den starta omtrent der alle brannbilane og utrykningskøyretøya stod, i nærleiken av den vesle klynga med hus.

    Per no er det åtte brannfolk frå Lindås og Meland oppe i fjellet, og 15 personar frå Sivilforsvaret.

    – Vi blir nok gåande i fjellet utover kvelden og natta, seier Drotningsvik.

    Artikkeltags