– Stolt over ny bil i Austrheim

Ny bil: Brannsjef Rolf Henning Myrmel og befal Hilde T. Hardang er godt nøgde med bilen som dei no har fått til rådvelde.

Ny bil: Brannsjef Rolf Henning Myrmel og befal Hilde T. Hardang er godt nøgde med bilen som dei no har fått til rådvelde.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Austrheim Brannvesen har fått ein flunkande ny og topp utrusta VW Amarok. – Bilen er spesialutrust for å møta krava til den jobben eit brannvesen skal gjer.

DEL

Det seier brannsjef Rolf Henning Myrmel, som er godt nøgd med bilen dei no har fått.


– Bilen skal brukast av vakthavande befal, som då kan rykka direkte ut heimifrå og vera først på skadestaden og ta seg av innsatsen i akuttfasen. Det er slik brannekspertane ser for seg framtidas brannvesen, eininga skal ikkje erstatta det tradisjonelle brannvesenet, men derimot supplera det, seier han vidare.

Raskt på plass


Den nye bilen er utrusta med UHPS sløkkeanlegg, førstehjelpsutstyr og hjartestartar slik at befalet kan starta førsteinnsats ved brann eller ulukker.

LES OGSÅ: Radøy sin nye brannsjef


– Med ny bil kan vi no vera raskt på plass på ein skadestad slik at ein kan setja i gang førsteinnsatsen før «stormtroppane» kjem, seier Myrmel.

Han ser også forbetringar på sikkerheten for brannfolka ved utrykking som eit viktig moment som vart teke med i vurderinga ved kjøp av denne bilen.

Myrmel peikar vidare på at i samband med Johan Sverdrup utbygginga vil det i dei neste åra vere stor anleggsvirksomhet i kommunen,  og denne bilen vil være godt egna til førsteinnsats langs anleggstraceen.

Skryt av vilja til politikarane

Austrheim brannvesen har i dag 6 befal som går vakt kvar 6.veke og det er 16 deltidsmannskap knytt til brannvesenet.

- Desse har ikkje vaktordning, men rykker ut viss dei kan og det er i dag berre befalet som har vakt og vil med denne bilen kunne starte førsteinnsats ved brann eller ulykker, seier brannsjefen

LES OGSÅ: Ny brannbil på plass

Rolf Henning Myrmel skryt av viljen lokalpolitikarane har hatt  til å ha fokus på beredskapen i kommunen.

-Politikerene i Austrheim har heilt fra 2004, då vi fekk den første nye bilen, vore opptekne av at kommunen skal ha ein god beredskap og ein har i dag godt utstyr og godt kvalifisert mannskap, seier Myrmel.

LES OGSÅ: Politiet mistenker at brannen er påsett

Artikkeltags