Ny måling: Bompengepartiet er størst i Bergen

Trym Aafløy meiner FNB er det nye folkepartiet.

Trym Aafløy meiner FNB er det nye folkepartiet. Foto:

«Folkeaksjonen nei til mer bompenger» topper enda ei meiningsmåling.

DEL

(BA): Målinga gjort for BT og VG gjev «Folkeaksjonen nei til mer bompenger» (FNB) rekordstore 25,4 prosent oppslutning i Bergen.

– Eg har ikkje opplevd maken. Eg har aldri opplevd at ei ny liste skulle verte det største partiet i ein såpass stor by som Bergen, seier dagleg leiar, Thore Gard Olaussen, i Respons Analyse til VG.

I det siste har meiningsmålingar sendt sjokkbølgjer inn i landets politiske miljø, fordi mange veljare gir klinkande klart uttrykk for kva dei meiner om bompengepresset.

Måndag viste også ei meiningsmåling, utført av BT og Strilen, at FNB Alver er det største partiet i nye Alver kommune.

BAs måling i byrjinga av mai, målte FNB til Bergens neste største parti. No er dei altså størst, ifølge den ferske undersøkinga.

– Me er gått frå å vere ein aksjon til ein folkebevegelse. I tillegg til bompengane, er dette ein uttalt misnøye med dei etablerte politikarane og framståande politikarar både lokalt og nasjonalt, seier partiets toppkandidat i Bergen, Trym Aafløy, til BT.

Dersom det var val i dag, ville partiet fått 17 mandat i bystyret og dermed samle fleirtal med Høgre (23,1 prosent, 15 mandat) og Framstegspartiet (2,7 prosent, 2 mandat).

Dei andre stemmene i Bergen fordeler seg slik blant partia:

  • Raudt: 5,5 prosent (-0,1 prosent)
  • SV: 10 (0,0)
  • Ap: 18,6 (-4,2)
  • Sp: 3,5 (-1,2)
  • MDG: 3,9 (-0,6)
  • V: 2,8 (-0,3)
  • KrF: 3,2 (+0,5)
  • Andre: 1,3 (+0,5)
  • Artikkeltags