Bompengeselskap handla med privat selskap – toppsjefen var medeigar

Trond Juvik er sjef i Ferde.

Trond Juvik er sjef i Ferde. Foto:

NRK skriv at bergensarane sine bompenger har blitt brukt til å handle med eit privat selskap som bompengesjefen sjølv var medeigar i.

DEL

(BA): Trond Juvik er sjef i Ferde, som eigast av fem fylkeskommunar, og krev inn bompengar over store deler av Vestlandet.

No skriv NRK at Ferde har tatt delar av rekninga for programvare som var bestilt av selskapet BTS Norway, eit konsulentselskap som Juvik sjølv har jobba for og er medeigar i.

NRK skriv òg at Juvik skal ha godkjent at tilsette i Ferde kunne jobbe for BTS Norway på si.

Programvarekjøpet skal ha hatt ein sluttfaktura som kosta Ferde 273.000 kroner. Ferde vedgår overfor NRK at prosessen rundt kjøpet har vore problematisk, og at dei vart betalt med bilistane sine bompengar.

Habiliteten til dei som utførte kjøpet er ikkje vurdert.

Juvik sjølv har ikkje latt seg intervjue av NRK, men har sendt dei ein e-post der han hevdar at han ikkje har tent noko på lisenskjøpet, eller at dei tilsette har jobba for begge selskapa. Han skal heller ikkje ha mottatt lønn eller utbytte frå BTS Norway etter 2017.

Programvara som er kjøpt inn er kostbare datalisensar frå Appian. Dette er programvare som både Ferde og konsulentselskapet nyttar.

Konsulentselskapet skal ha handla for mange lisensar, og leigd dei ut til Ferde.

Seinare skal Juvik ha vore direkte involvert i ein handel der Appian sa seg villige til å fire på avtalen med BTS Norway, men då kravde de at Ferde forplikta seg til å signere ein ny kjøpsordre frå Appian. Dette hamna på Juviks bord.

Styret i Ferde var ikkje orientert om kjøpet, og det heile får kritikk av ekspertar på anbod, som kallar handelen håplaus overfor statskanalen.

Artikkeltags