(Siste)

[Firda] Grunneigar Hafstad miste to av tre fiskehytter langsmed Jølstra då uvêret Dagmar stod på som verst.

– Dette var dei same hyttene som rasa under nyttårsorkanen i 1992, seier Hafstad, som også har ei tredje fiskehytte ved Førdehuset.

– Men den står like godt, seier han til Firda.

Fiskehyttene står plassert mellom trea, og såleis tenkjer Hafstad at dei er utsette for øydelegging ved uver, men grunneigaren meiner det er viktig at både hyttene og skogen står saman ved elva.

– Desse hyttene gir ly for fiskarane, og skogen rundt gir ly for fisken. Det er ein gammal idyllisk årskog, og mykje dett også ned til fisken i elva frå trea, som åmer og lauv, seier Hafstad.

Då hyttene rasa, var grunneigaren borte for å sjå på skadane. Han la då ikkje merke til fiskarkoppen, som heng like standhaftig på restane av hytteveggen.

– Eg eig ikkje denne koppen sjølv. Den er det nok nokre fiskarar som har hengd opp, seier Hafstad, som fortel at dette viser kor tilfeldig det er kva som greier seg i slikt uvêr.

Hyttene er viktige for grunneigaren, som no må byggje dei opp att for andre gang sidan 1992.

–Desse hyttene har stått her i generasjonar. Eg håpar at eg får sett dei opp att snart, seier Hafstad. (ANB)