Heilt sidan Arvid Brakstad var 16 år og begynte som tømrarlærling, har han jobba innan bygg og ventilasjon. Han har brei erfaring innan yrket, og har mellom anna drive eigen byggevare. Dei siste ti åra har han vore seljar på Montér i Knarvik.


– Eg har i mange år tenkt at det hadde vore kjekt å driva for seg sjølv. Det er ein tanke eg aldri har gitt slepp på og alltid hatt i bakhovudet, fortel han.

– Gøy å jobba med golv

I vinter bestemte han seg for å gjera alvor av tankane.


– Eg har alltid likt best å driva på med golv, heilt sidan eg starta som tømrarlærling har det vore favoritten. Både det å selja og legga golv synest eg er utruleg gøy, fortel han.

LES OGSÅ: Nytt produkt på veg


– Golvet er ein viktig del av interiøret i eit hus. Det gjer ein stor del ut av rommet, og er også eit møbel ein skal ha i lang tid framover.

– Gode tilbakemeldingar

I Nordhordland er det fleire faghandlarar som sel golv, men det er ingen som har spissa seg berre mot dette.


– I Bergen er det fleire som driv tungt mot golv, men eg synest det er synd at ein må reisa heilt til byen for å treffa nokon som er spesiallistar på området. Eg tenkte difor at det måtte vera ein stort marknad for dette i distriktet vårt, seier han.
12. februar opna Brakstad «Parkett M2», som held til på Frekhaug.

LES OGSÅ: – Folk vil ha norsk ull


– Eg har berre fått gode tilbakemeldingar. På den korte tida butikken har vore open, har eg fleire gonger hatt full butikk. Til og med kø, smiler den førnøgde butikkeigaren.


– Eg berre går rundt og smiler om dagen, det har vore kjempegøy å starta Parkett M2, og eg ser lyst på framtida til bedrifta, seier han.

– Ei tillitserklæring

Brakstad seier at han fokuserer på god kvalitet, bra utval og greie prisar.


– Det er viktig for meg at kundane finn ei ro her. Viss tømrarfirma ønskjer å ta med seg sine kundar hit, kan dei få låna eit eige rom med bord og stolar, slik at dei kan prata med kundane sine.


Brakstad synest det er ei tillitserklæring at så mange ønskjer å handla golvet sitt hjå han.
– Eg skal gje alle mine kundar den beste servicen dei kan få, smiler han.