Spennande forfattar til Manger

ABSURD HUMOR: Forfattaren Arnfinn Kolerud skriv med absurd humor om «nynorsk
undergangshistorie». Onsdag kjem han til Manger. Foto: Per Eide, Samlaget

ABSURD HUMOR: Forfattaren Arnfinn Kolerud skriv med absurd humor om «nynorsk undergangshistorie». Onsdag kjem han til Manger. Foto: Per Eide, Samlaget

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Han skriv humoristisk om bygda som klamrar seg til nynorsken. Førstkomande onsdag kan du møta den anerkjende og kritikarrosa forfattaren Arnfinn Kolerud på Radøy bibliotek.

DEL

Når ein først skal skyte nokon (2010) er hans første voksenroman, og den første i ein trilogi. Den andre boka i trilogien, Kom ikkje inn i mitt hus vart gjeven ut i 2012. Bøkene skildrar folka i Vassbygda, den siste nynorskbastionen i Noreg. Resten av landet held seg til bokmål og engelsk.

Desse to bøkene i Vassbygda-trilogien er såleis ei «nynorsk undergangshistorie», og Kolerud brukar mykje absurd humor i skildringa av den trassige bygda som klamrar seg til nynorsken.

Det er Radøy Mållag og Radøy bibliotek som inviterer til forfattarvitjing med Arnfinn Kolerud (f. 1968), som kjem frå Isfjorden i Romsdal. Kolerud debuterte med Berre ikkje brøyteplogen kjem i 1996, og han fekk Kulturdepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur for denne boka. Den som ikkje har gøymt seg no (2004) har blitt samanlikna med oppvekstskildringane til Tarjei Vesaas.

For Den som ikkje har gøymt seg no vart Kolerud nominert til Brageprisen, fekk Kritikarprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Guro Sandsdalens litteraturpris. Kolerud er for tida busett i Måløy i Sogn og Fjordane.

Onsdag 3. oktober (KL. 20.00) kjem altså Arnfinn Kolerud til Radøy bibliotek for å snakka om forfattarskapen sin og lese utdrag frå Vassbygda-trilogien.

Artikkeltags