Kortprosa frå Berlin

BOKDEBUTANT: Inger Wold Lund kjem i desse dagar ut med si første bok. FOTO: Heidi Furre

BOKDEBUTANT: Inger Wold Lund kjem i desse dagar ut med si første bok. FOTO: Heidi Furre

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

LINDÅS: Inger Wold Lund er oppvaksen i Nordhordland, men bur no i storbyen Berlin. I desse dagar gjer ho ut si første bok, «Ingenting skjedde»

DEL

Inger Wold Lund (31) budde i Alversund til ho gjekk ut av Lindås gymnas.

– Mor mi bur framleis i Alversund, og det er alltid kjekt å koma tilbake på besøk, seier ho.

Kortprosa

Boka som Lund debuterer med, heiter «Ingenting skjedde» og er ei kortprosasamling.

– Det er historier om dyr, plantar, menneske og hendelsar mellom dei. Eg er oppteken av å sjå, og gjennom det eg skriv vil eg gje andre moglegheita til å sjå det eg ser, fortel ho.

– Det å gje ut ei bok er først og fremst veldig kjekt, men det er klart at det også er skremmande. Ein stiller seg i ein sårbar situasjon når arbeidet ein gjer, vert ein del av offentlegheita, seier ho, og fortel at ho har god støtte i forlaget sitt.

Storbyen

– Etter å ha studert på Kunstakademiet i Oslo tok eg eit år med utveksling på eit akademi som heiter Staedelschule i Frankfurt am Main, seier Lund.

Ho fortel at det var eit kort steg derfrå til Berlin, etter enda utdanning.

– No har eg budd i Berlin i nesten tre år, har kjøpt meg leilegheit og trivs godt.

Lund fortel at ho likar at det heile tida skjer ting, og det at det stadig kjem og reiser folk frå byen.

– Berlin er ein dynamisk by, som stadig er i forandring, seier ho.

– I tillegg er det viktig for meg at Berlin har eit stort kunstmiljø. Slik som det er nett no, passar eg veldig godt inn i storbymiljøet, og kjem nok til å verte buande her ei stund til. Eg har etter kvart fått mange venner her, både frå det norske miljøet, men også frå resten av verda, fortel ho, og legg til at det likevel er ting med Nordhordland som ho saknar.

Artikkeltags