BKK sitt engasjement i utbygging av vindkraft og eigarskap i vindkraftselskaper

Av

Norges Miljøvernforbund vil oppmoda eigarkommunane i BKK om å fremja krav på generalforsamlinga om stans i utbygging av vindkraft og avvikling av eigarskap i vindkraftselskaper.

DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Media har gjennom ei rekkje saker avdekka fleire kritikkverdige tilhøve i vindkraftbransjen. Dette gjeld mellom anna i konsesjonshandsamingar, manglande demokratiske involvering i søknads- og utbyggingsprosessar og kjøp og sal av konsesjonar til internasjonale selskap.

Prosessane vert opplevd som lukka og udemokratiske der lokale folkevalde og befolkninga føler seg overkøyrde.

BKK er gjennom sitt 36,7% eigarkap i SFE ansvarlege for fleire øydeleggande vindkraftprosjekt på Vestlandet, herunder utbygginga på Bremangerlandet og Lutelandet. SFE har seld 80% av Okla og Hennøy til italienske til Falck Renewables.

BKK er også 50% eigar i Matre Vind AS i kompaniskap med vindkraftverstingen Zephyr. Eit selskap som har fleire svært konfliktfylte og kontroversielle vindkraftsaker i porteføljen, deriblant har dei seld Guleslettene til Amerikanske Black Rock.

BKK er eit selskap med mange kommunar som eigarar og har fram til no hatt eit svært positivt omdøme i store deler av befolkninga i sitt dekningsområde. Eigarane må ta den sterke motstanden mot vindkraftutbygging og BKK sitt engasjement i denne bransjen på største alvor.

Ei vidare deltaking i svært konfliktfylte vindkraftutbyggingar kan øydelegga selskapet sitt positive omdøme og få store negative konsekvensar for framtida og vidare utvikling. NMF vil aksjonera mot vindkraftprosjekta som ikkje har støtte i kommunane.

NMF oppmodar eigarkommunane om å reisa denne saka i sine folkevalde organ slik at dette også vert sett på dagsorden på generalforsamlinga i BKK.

Med miljøvennlig hilsen
Norges Miljøvernforbund

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken