Bjørsviktunnelen stengt

Det har danna seg lange køar utanfor Bjørsviktunnelen.

Det har danna seg lange køar utanfor Bjørsviktunnelen. Foto:

DEL

Bjørsviktunnelen på Ostereidet vart stengt fredag føremiddag, melder Vegtrafikksentralen Vest på Twitter.

Årsaka var ein gjenstand som hang ned frå taket i tunnelen.

Entreprenør vart varsla og sendt ut.

Lange køar

Avisa Nordhordland sin journalist på staden fortel at det oppstod lange køar. Fleire bilar valde å køyre ut av køen og snu.

Manuell dirigering

Klokka 09:44 melder Vegtrafikksentralen at det er manuell dirigering av bilane, og at eitt felt er opent.

– Entreprenør ventar på ein lift for å utbetre ein høgdeavgrensar. Tunnelen kan bli stengt igjen seinare i føremiddag for utbetring, skriv dei.

Stengt på grunn av vedlikehald

Tunnelen vart stengt på nytt like etter klokka 11 på grunn av vedlikehald og reparasjon. Vegtrafikksentralen opplyser om at tunnelen vil vere stengt i maks 15 minuttar.

Det er no manuell dirigering av bilane gjennom tunnelen.

Det er no manuell dirigering av bilane gjennom tunnelen. Foto:

Artikkeltags