Vil sikra museet si framtid

SKISSE: Slik ser ei foreløpig skisse ut for plassering av eit nytt Bjørn West-museum. Foto: Skisse frå Museum Vest

SKISSE: Slik ser ei foreløpig skisse ut for plassering av eit nytt Bjørn West-museum. Foto: Skisse frå Museum Vest

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Bjørn West-museet kan gå ei lys framtid i møte i konsolidering med Museum Vest.

DEL

– Kanskje det er tida for oss å gå inn og sikra eit permanent museum, sa ordførar i Masfjorden, Karstein Totland i formannskapsmøtet torsdag. Bjørn West-museet i Matre kan no verta ein del av Museum Vest med støtte frå Masfjorden kommune.

Museum Vest

Vedtaket om ny avtale for Bjørn West-museet handlar om eit samarbeid mellom Masfjorden kommune, Stiftinga Bjørn West-museet og Museum Vest. Museum Vest er ei stifting som driftar ei rekkje museum på Vestlandet som har sterk historisk verdi.

Museum Vest har fått i oppgåve av kulturdepartementet og Hordaland fylkeskommune å forvalta og formidla krigshistorie i Hordaland. Dei driv blant anna museum i Telavåg og Fjell festning.

Nybygg

Ein del av diskusjonane rundt Bjørn West-museet si framtid kjem til å handle om lokalitet. Dei to hovudalternativa er å rusta opp museet og la det stå der det gjer eller bygga eit nytt museum på andre sida av europavegen.

– Det vert kostnader uansett kva for alternativ ein går for. Det økonomiske går på nybygg eller rehabilitering av det gamle bygget, sa Totland.

– Det beste for museet er å bli ein del av Museum Vest. Økonomien får vi ta når det kjem, sa Venstres Egil Kvingedal på møtet torsdag.

Trepartsavtale

Saka skal no vidare til kommunestyret for godkjenning. Formannskapet tilrår ei trepartsavtale med Museum Vest og Stiftinga Bjørn West-museet.

Detaljane i avtalen skal drøftast nærare, men hovudprinsippa vil vere at Museum Vest overtek driftsansvaret og at dei andre partane skal eiga museet. Det er enno ikkje bestemt kva økonomiske plikter kommunen tek på seg.

– Dersom det vert eit vedtak så må vi jobba og visa at kommunen er innstilt på å bruke pengar på prosjektet, sa Høgres Frode Langhelle.

– Dette må til

– Vi må inn i eit profesjonelt system for å vidareføra Bjørn West-historia på ein meir framtidsretta måte, seier dagleg leiar ved museet, Arne Berg. Han er positiv til avtala med kommunen og Museum Vest.

– Dette ser ut til å bli ei bra løysing, spesielt dersom vi får på plass eit heilt nytt museumsbygg. Dette må til for framtida til museet, seier Berg.

Artikkeltags