Bjarne Storheim til minne

Tidlegare Radøy-ordførar Bjarne Storheim døydde måndag, 87 år gamal. «Bjarne var svært glad i Radøy og Sæbøsokna, så han dagpendla mellom Radøy og Bergen i alle år, for å kunna engasjera seg i lokalsamfunnet.», skriv Jon Askeland i dette minneordet.

Tidlegare Radøy-ordførar Bjarne Storheim døydde måndag, 87 år gamal. «Bjarne var svært glad i Radøy og Sæbøsokna, så han dagpendla mellom Radøy og Bergen i alle år, for å kunna engasjera seg i lokalsamfunnet.», skriv Jon Askeland i dette minneordet. Foto:

Av
DEL

MINNEORD: Tidlegare ordførar i Radøy, Bjarne Storheim, døydde måndag 30. mars. Den venesæle tidlegare ordføraren vår, ville vore følgd av ei fullsett Sæbøkyrkje i gravferda om ikkje pandemien sette ein stoppar for det.

Bjarne var fødd i 1932, som nr 4 i den store syskenflokken på 9 i Brekkå på Storheim, der han og kona Margot seinare fekk skild ut ein tomt og bygde heim for familien, som etter kvart talde dei fem døtrene han med rette var så stolt av.

Bjarne var særs skuleflink, og tok handelsskule i Bergen med eitt av dei beste vitnemåla som vart avlagt, og fekk raskt stilling i bergensfirmaet B. Brynjulfsen, der han hadde karriera si som disponent fram til pensjonsalder. Bjarne var kjend som ein dyktig og særs godt likt sjef, og han hadde eit eineståande lag med kundane. Han kombinerte kundepleia med god økonomisk teft og styrte det velrenommerte firmaet trygt.

Bjarne var svært glad i Radøy og Sæbøsokna, så han dagpendla mellom Radøy og Bergen i alle år, for å kunna engasjera seg i lokalsamfunnet.

Bjarne Storheim har sanneleg ytt sin skjerv for samfunnet. Han var medlem i kommunestyret i heile 20 år frå 1968 til 1988. Han sat i formannskapet i fleire periodar, og var ordførar i 1980 – 1982. Han representerte Venstre og etter brotet i partiet; DLF.

Bjarne var godt likt av alle, og sjølv om han representerte eit lite parti i Radøypolitikken, så var han så samlande og godteken av alle, at han vart ordførar i 1980. Han var ein vèl omtykt ordførar, som både var oppteken av samferdsle og kultur. I den 20-årsbolken han var i kommunestyret, skjedde den store oppgåveoverføringa frå stat til kommunar, som også gav byggeboom i Radøy, og Bjarne var sentral i stort og smått i dette. Han dreiv fram det som var rett for å utvikla Radøysamfunnet.

Bjarne var ein kulturpersonlegdom i og utanfor politikken, han var norskdomsmann og ivra for dei lange norrøne linene og den folkelege kulturen både i kyrkje og frilynde lag. Bjarne var flink til å ordleggja seg lunt og gjerne muntert, og alltid støttande. Han var særleg kjend for å skissera Radøypolitikken med skråblikk i modell etter Snorre Sturlason sine kongesoger, som han kunne utanåt. Han trefte spikaren på hovudet, og bidrog sterkt til munterheit sjølv i krevjande saker.

I dei årvisse «sogeskriva», fekk politikarane treffande namn, og t.d. Nils Gjerde Krf, vart til Nils Kristmann, Normann Villanger Sp, vart Normann den jordvise, Martin Tveiten Ap (og LO) vart Martin Ombotsmann, Georg Dalland AP og handelsstyrar, vart Georg Kramkar. Seg sjølv titulerte han som Bjarne småskald.

Den gløgge og skriveføre Bjarne var fast medlem i Vestmannalaget, og sat i Skriftnemnda for Sæbøbygda, som med Olav Marås i spissen, skreiv soga for Sæbøbygda og ungdomslaget. I tillegg engasjerte han seg breitt, og då er det rett å trekkja fram at Sæbø skulemusikklag var eitt av hjarteborna hans.

I medkjensle med Margot og døtrene, minnest me i takksemd den avhaldne brubyggjaren og ordføraren Bjarne Storheim.

Artikkeltags