Nordhordland Røde Kors tente nær 150 000 på pant

God butikk: Ordninga med at ein kan gje panten til Røde Kors og vere med i eit lotteri er god butikk for Nordhordland Røde Kors. I 2017 fekk dei 147 851 kroner ut av ordninga. Med det er Nordhordland Røde Kors den største mottakaren av pantemidlar utanfor Bergen.Pressefoto

God butikk: Ordninga med at ein kan gje panten til Røde Kors og vere med i eit lotteri er god butikk for Nordhordland Røde Kors. I 2017 fekk dei 147 851 kroner ut av ordninga. Med det er Nordhordland Røde Kors den største mottakaren av pantemidlar utanfor Bergen.Pressefoto

Artikkelen er over 1 år gammel

I 2017 fekk Røde Kors 37 millionar kroner frå Pantelotteriet. Det er ny rekord. Nordhordland Røde Kors fekk heile 147 851 kroner av det samla beløpet.

DEL

– Kvart trykk på knappen til Pantelotteriet styrkar den lokale aktiviteten vår, og er ei støtteerklæring me tek til oss. Me er kjempetakksame for alle som ser innsatsen me legg ned, seier lokalforeiningsleiar i Nordhordland, Stig Krossøy Nordvik i ei pressemelding.

Sidan Pantelotteriet starta i 2008, har ordninga bidratt med 195 millionar kroner til Røde Kors. Det er ei av dei største inntektskjeldene til organisasjonen, og halvparten av pengane går til Røde Kors lokalt.

Over 30 leiteaksjonar

– Dei frivillige i Nordhordland Røde Kors gjer ein enorm innsats for å motverka einsemd, med aktivitetar som besøksven og besøksven med hund, og ei rekke aktivitetar for born og unge som er veldig populære. I tillegg er me ein viktig samarbeidspartner for naudetatane, fortel Krossøy.

Nordhordland Røde Kors Hjelpekorps bidrog i over 30 leiteaksjonar i 2017, og er ei viktig brikke i lokal beredskap. Med mykje aktivitet og mange engasjerte frivillige, er det ei kjær gåve å få midlar frå Pantelotteriet frå lokalbefolkinga, for også frivilligheita kostar pengar.

Flyttar inn i nye lokale

– I år flyttar Nordhordland Røde Kors inn i nye lokale i Hauglandsbygget, som vert pussa opp på dugnad. Dette, saman med ei sterk innsats frå dei frivillige, og midlar frå tiltak som Pantelotteriet, gjer oss i stand til å stå sterkare i møtet med auka ulikskap og einsemd i samfunnet, og med aukande uvêr og fleire beredskapshendingar, seier Nordvik.

Rema 1000 i Knarvik kjem på 3. plass i Hordaland over butikkane som bidrar med størst beløp til lotteriet. Der har kundane totalt gitt 211 968 kroner.

Topp 5-butikkar i Hordaland
Butikk Bidrag pantelotteriet
Rema 1000 Nattland 225 284 kroner
Meny Sletten 223 091 kroner
Rema 1000 Knarvik 211 968 kroner
Rema 1000 Eidsvåg 202 717 kroner
Rema 1000 Fjøsanger 186 010 kroner

Artikkeltags