– Det var litt annleis då eg byrja, for å seie det slik.

Det fortel verksmeister hjå Isdalstø Auto, Steinar Eide, som har vakse opp i bedrifta far hans starta i 1981.

Han har sett motorane få deksel og bilane bli fyld opp med avansert teknologi. No må han forhalde seg til det stadig aukande talet av elbilar.

Den første elbilen Eide fekk inn på verkstaden, var eit eksemplar av det norske pionerprosjektet Think, tidleg på 2000-talet.

– Det var ein liten bil, uten særleg stor rekkjevidde. Det var nok mest i byane folk hadde slike og ikkje så mange her ute, seier han.

Skote fart

Etter det har teknologien utvikla seg, og salet skote fart. Ifølge Norsk elbilforeining, var tre prosent av alle nye bilar i 2013 elektriske. I 2021 var dette talet 64,5 prosent.

Dette er noko Eide har merka seg, men det er ikkje noko som preger bedrifta i dag.

– Dei aller fleste elbilane som er på vegen, har blitt kjøpt i løpet av dei seinare åra. Dermed er også mange av dei inne under garantiordningar som knytter dei til merkeverkstadene.

Isdalstø Auto, som er ein uavhengig verkstad, reknar dermed med å få inn fleire elbilar dei kommande åra.

– No har vi rundt 10 prosent elbilar, men det kjem meir og meir når det blir volum på ettermarknaden.

Utdanning

Då Eide tok fagbrev tidleg på 90-talet var det elektriske i bilen begreinsa til vindauge, blinklys og kassettspelar. Men gjennom kontinuerleg kursing førebur dei seg på ein ny kvardag.

I 2017 vart dei med i Bosch-kjeden. Det var for å få gunstigare innkjøpsordningar på deler, men også for å kunne utvikle kompetansen.

– Vi har hatt mange kurs gjennom Bosch med fokus på elektriske bilar, og vi kjem til å ha endå fleire, fortel han.

Det er også noko dagleg leiar Sissel Marie Eide legg vekt på.

– For å lukkast i framtida må vi følge med på utdanningsbiten, slik at vi heng med i svingane, seier ho.

Lengre intervallar

Utviklinga innan bilar er noko som har kome gradvis og arbeidsmetodane har endra seg i takt med dette.

– Tidlegare reparerte vi gjerne ulike delar. Men timesprisen har blitt høgare, samstundes som delane kostar forhaldsvis mindre.

Difor er det no billigare å til dømes erstatte ein startmotor, enn å reparere den.

Serviceintervallar på moderne bilar er lenger enn tidlegare, og Eide reknar ikkje med at dei blir kortare med elbilar.

– Det er færre punkt som skal gåast igjennom på service. Elbilar treng ikkje oljeskift eller byte av dieselfilter, men det er bilar som treng service dette òg, seier han og forklarar:

– Du har til dømes friskluftfilter, bremser, hjullager og styreledd. Men om servicetida per bil går ned, vil vi trenge fleire bilar for å dekke det inn att.

Ved større reperasjoner venter ei ny utfordring for bilmekanikarane.

– Det er viktig å tenke sikkerheit og gjere bilen straumtom, viss ikkje kan ein risikere å få støt. Så vi bruker verneutstyr og følger anvisninger, seier han og legg til:

– Det blir sjølvsagt utfordringar, men dei skal vi prøve å ta på strak arm. Vi er instillt på å endre oss etter korleis marknaden er.