Super dag for gjenopna Skageneset

29. april 2019, kl. 08:00

Under krigen var Skageneset på Radøy ein skjulestad for folk som måtte rømma for tyskarane, og som skulle skulle fraktast over til Shetland. No er Skageneset blitt eit framifrå og populært friluftsområde. Bergen og Omland friluftsråd har restaurert hovudhuset både utvendig og inn, det er bygt grillhytte og gjort eit flott arbeid på uteområdet, til rundt 3,5 mill. kroner. Søndag inviterte Radøy kommune til søndagstur og gjenopning av Skageneset. Ingeborg Skagenes (94) var æresgjest.​