Gå til sidens hovedinnhold

Magnar Mangersnes vart hylla i Knarvik kyrkje

18. september 2018, kl. 13:07

Mangersnes står for mange som ein bauta i norsk kyrkjemusikk. Kor og orkester og ei fullsett kyrkje viste si store takksemd for det 80-årsjubilanten har betydd gjennom fleire tiår. Inga oppgåve har verka for stor for deg å gå laus på. Du har vore ein uredd forkjempar for kvalitet, tradisjon og nyskaping, norsk kor- og kyrkjemusikk, var mellom dei mange verbale superlativa som vart gitt jubilanten.