Gå til sidens hovedinnhold

Sjå bildeserie: Bli med Lindås-speidarane på tur

12. november 2019, kl. 20:45

Måndag 11. november skulle Lindås speidargruppe ut for å sjå på stjerner. Dessverre ville ikkje stjernene blinke så mykje, men litt historier om stjernebilda måtte likevel forteljast. Blant anna lærte barna om korleis stjernebildet Orion ser ut, kor tid på året ein kan sjå det, og kva stjerner ein kan finne rundt det. I tillegg lærte dei om kvifor stjernene har ulik farge, og om aluminium brenn på eit bål.