Gå til sidens hovedinnhold

Konsert på Fonnes kai 10.08.18

11. august 2018, kl. 17:59

Heine Totland og Gisle Børge Styve fylte teltet på Fonnes kai med både vakre tonar og god stemning i det som til tider var ekstreme regnbyger fredag kveld. Som opning av Fonnesdagane 2018, arrangert av bygdelaget, var nærmare førti frivillige på «jobb». Dei to folkekjære artistane hadde god kontakt med dei 250 publikummarane, og inviterte dei fleire gongar til å ta del i samtalen med dei mellom sangane.