Gå til sidens hovedinnhold

10 år i gjenbrukens misjon

19. mars 2019, kl. 18:00

Tysdag feira NMS Gjenbruk i Knarvik at det er ti år sidan dei opna sin første gjenbruksbutikk i Knarvik. Den gongen starta dei med 85 rutemeter og ein årleg omsetnad på 200 000 kroner. Ti år seinare har butikken flytta tre gonger, og har no eit areal på 490 kvadratmeter. Alt arbeid i butikken vert utført av dei om lag 70 frivillige, og i 2018 hadde butikken ein omsetnad på 1,5 millionar kroner. Jubileet vart feira som seg høyr og bør, med gode tilbod, kaffi og kaker. I det siste har butikken også starta opp ei satsing på klede, og eitt av høgdepunkta under markeringa tysdag var mannekengoppvisning med dei frivillige i flotte antrekk frå butikken.