Bildeserie: Over 270 deltakarar kjempa seg opp bakkane til Storset

07. oktober 2018, kl. 18:44

Totalt 274 deltakarar fann vegen til Bjørsvik og andre utgåve av motbakkeløpet Storset opp. 70 av desse stilte i konkurranseklassen, og den raskaste til topps vart Espen Roll Karlsen frå Gneist med tida 12.03. Like bak kom Halfdan-Emil Færø på 12.05, og Magnus-Johan Færø tok tredjeplassen på 13.12. I kvinneklassen var det Anita Iversen Lilleskare som tok sigeren på tida 14.12. På andreplass Sara-Rebekka Færø Linde på 14.39, og Emma Hanstveit tok tredjeplassen på tida 14.52.