Stor innsats i løypene under LM på ski

12. mars 2019, kl. 12:00

Strålande forhold og topp innsats under Lindåsmeisterskapet på ski på Gamlesetra søndag. Det vart ein skifest for både dei 80 deltakarane og mange andre som var til stades. I seniorklassane vart det favorittsiger til Magnus Johan Færø., som på 9 km var 20 sekund framfor Ståle Leiren, med Jo-Harald Færø på 3. plass. I kvinneklassen var Mette Jersen Ansnes den raskaste på 6 km. Den unge garde utgjorde det store fleirtal i årets store skifest, og dei såg verkeleg ut til å kosa seg i løypene.