Bildeserie: 300 ungdomar på årets juleball

Av

Rundt 300 ungdommar trekt i pent antrekk og deltok på årets juleball i Radøyhalen. Det er ungdomsklubbane i Radøy og Austrheim som står bak dette etter kvart så tradisjonsrike ballet for unge frå 8.kl-1.vgs. Juleballet samla ungdom frå fleire av kommunane i distriktet. Deltakarane hadde blitt oppmoda om ikkje å kjøpa ny kjole til ballet, men heller låna av ein ven. Uansett var deltakarane skikkeleg stilige i klesvegen. Her kan du sjå nokre av Anita Soltveit sine fotos frå juleballet, som sjølvsagt var eit rusfritt arrangement.