Bildeserie: Vellukka tverrpolitisk valdugnad

09. august 2019, kl. 05:30

Torsdag ettermiddag var det stordugnad for dei 11 politiske partia som stiller lister til valet i Alver kommune i september. Titusenvis av partiprogram vart pakka samla i konvoluttar for at alle husstandar i dei kommande Alver-kommunane skal få all informasjon dei treng for å ta sitt val.